Eldrecruising 2012

Amcarklubben har hjerte for bil og motor. Sanitetsforeninga har noko på hjerte. Og begge har dei hjerte for dei eldre i bygda, og dermed er det duka for eit utradisjonelt samarbeid som alle har glede av.

I Herøy på Sunnmøre er det nemleg ikkje berre Amcar-eigarane som ventar på våren, slik at go’bilane kan kome på vegen igjen.Mange eldreinnbyggjararventar også på at yngre og eldre amerikanske skjønnheiter skaldukke opp, og ta dei med på køyretur.Det er nemlig tradisjon i Herøy, til gledefor både bileigarar og seniorar.

Mandag 28.Mai arrangerte den lokale Amcarklubben den populære ”Eldrecruisinga"i samarbeid med Herøy Sanitetsforening. Bebuarar på sjuke-heimane og aldersbustadanei bygdene blir inviterte i god tid, og Amcarklubben sørgjer for at bilar og sjåfører hentar dei påmelde.”Litt logistikkutfordringar er det også –Biltypen må passe til dei forskjellige brukarane- Her er det rullatorar og krykkjer og forsjellig anna tilbehør som skal vere med på tur”.”Men våre kabrioleterhar også visse fordelar nårpassasjeren skal overfrå rullator til lav bil. Det er nemlig berre å flytte taket litt på slike bilar, så går det så fint”.   

I år var det også mange som takka ja til ein Amcar-tur.  Etter ein halvtimes tur i nærområdet, blir kursen sett mot Bø og Sande grendahus.Her er Sanitetskvinnene klare med kaffi og eit imponerande kakebord.

Og om nokon ønskjer seg einliten ekstraturfør ferda går tilbake til utgangspunktet, så lar det seg som regel avtale med sjåføren.

Herved oppfordrar/utfordrar Amcarklubben og Sanitets-foreninga i Herøy alle andre lokale Amcar- klubbar tilå prøve noke liknande.