Eldrecruising

Amcarklubben har hjerte for bil og motor. Sanitetsforeninga har noko på hjerte. Og begge har dei hjerte for dei eldre i bygda, og dermed er det duka for eit utradisjonelt samarbeid som alle har glede av.

I Herøy på Sunnmøre er detnemleg  ikkje berre Amcar-eigarane som ventar på våren, slik at go’bilane kan kome på vegen igjen.  Mange eldre  innbyggjarar  ventar også på at yngre og eldre amerikanske skjønnheiter skal  dukke opp, og ta dei med på køyretur.  Det er nemlig tradisjon i Herøy, til glede  for både bileigarar og seniorar.

Den lokale Amcarklubben  arrangerer  den populære ”Eldrecruisinga"  i samarbeid med Herøy Sanitetsforening, og dei siste 3 åra har utflukta vore lagt tilKr.Himmelfartsdag.  Bebuarar påsjuke-heimane og aldersbustadane i bygdene blir inviterte i god tid, og Amcarklubben sørgjer for at bilar og sjåfører hentar dei påmelde.  ”Litt logistikkutfordringar er det også –Biltypen må passe til dei forskjellige brukarane  - Her er det rullatorar og krykkjer og forsjellig anna tilbehør som skal vere med på tur” , fortel Martin Bøe, som er ei av ildsjelene bak arrangementet.  ”Men våre kabrioleter  har også visse fordelar når  passasjeren skal over  frå rullator til lav bil. Det er nemlig berre å flytte taket litt på slike bilar, så går det så fint”. 

I tillegg til den eigne svært så imponerande bilflåten, leiger klubben inn handicap-bussar til deltakarar som må sitte i rullestolen sin på turen.  ”Jammen var eg heldig som fekk ei dame på kvar side”, seier ein eldre kar i eit baksete.  I denne sammenhengen  er det uvanleg nok flest kvinner å sjå i dei amerikanske bilane. Men rettnok er også nokre av sjåførane kvinner. ”Det er kjekt og sjå kor passasjerarane våre nyt å køyre åpen bil på ein godværsdag som denne ”, seier Monica Voldsund Bøe.

I år var det  nesten 70 eldre som takka ja til ein Amcar-tur. Vårsola glitra i kapp med nypussa bilar og festpynta  passasjerar.  Etter ein halvtimes tur i nærområdet, blir kursen sett mot Bø og Sande grendahus.  Her er Sanitetskvinnene klare med kaffi og eit imponerande kakebord.

 ” Det er trivelig å kunne gjere noke for dei av bygdefolket som bur på sjukeheimane”, seier Karin Bø, frå Bø og Sande sanitetsforening. ”Det er ikkje mykje arbeid vi har med arrangementet i forhold til det vi får igjen. Eg skulle verkeleg ønskje at fleire Sanitetsforeninger og Amcarklubbar  ville gjere noke lignande” . Martin i Amcarklubben er enig i det. ”Vi synes også dette er kjekt. I tillegg til å glede våre egne og andre sine eldre slektningar, får vi vist at amerikanske bilar og miljøet rundt dei er meir enn spinning og motorbrøl ”. 

Ordføraren i Herøy, Arnulf Goksøyr  har også lagt merke til arrangementet, og tok turen til Grendahuset i år.  I sin vesle tale framheva han det gode tiltaket mellom vanlegvis utradisjonelle samarbeids-partnarar. ”Dei tilsette på sjukeheimane våre er og svært takknemlege for dette samarbeidet. Dette er eit vinn – vinn tiltak  for våre eldre, kommunetilsette og organisasjonar i Herøy”, er samarbeidspartnarane einige om.

 

Ein trekkspel musikar, Steinar Åheim  var også hyra inn til å spele til ”No livnar det i lundar” og andre musikalske innslag. Men underhaldning trengs ellers ikkje i slikt eit lag. Her går praten livleg om alle slags emner, også om sjåførane og bilane.  Og om nokon ønskjer seg ein  liten ekstratur  før ferda går tilbake til utgangspunktet, så lar det seg som regel avtale med sjåføren.

Herved oppfordrar/utfordrar Amcarklubben  og Sanitets-foreninga i Herøy alle andre lokale Amcar- klubbar til  å prøve noke liknande.