Eldrecruising 2013

Amcarklubben har hjerte for bil og motor. Sanitetsforeninga har noko på hjerte. Og begge har dei hjerte for dei eldre i Herøy, og dermed er det duka for eit utradisjonelt samarbeid som alle har glede av.

I Herøy på Sunnmøre er det nemleg  ikkje berre Amcar-eigarane som ventar på våren, slik at go’bilane kan kome på vegen igjen.  Mange eldre  innbyggjarar  ventar også på at yngre og eldre amerikanske skjønnheiter skal  dukke opp, og ta dei med på køyretur.  Det er nemlig tradisjon i Herøy, til glede  for både bileigarar og seniorar.

Den lokale Amcarklubben  arrangerer  den populære ”Eldrecruisinga"  i samarbeid med Bø og Sande Sanitetsforening. Dei hadde i tillegg med seg hjelp fra dei andre Sanitetsforeningane i Herøy.  Bebuarar påsjuke-heimane og aldersbustadane i bygdene blir inviterte i god tid, og Amcarklubben sørgjer for at bilar og sjåfører hentar dei påmelde.  ”Litt logistikkutfordringar er det også –Biltypen må passe til dei forskjellige brukarane  - Her er det rullatorar og krykkjer og forsjellig anna tilbehør som skal vere med på tur”.  ”Men våre kabrioleter  har også visse fordelar når  passasjeren skal over  frå rullator til lav bil. Det er nemlig berre å flytte taket litt på slike bilar, så går det så fint”. 

I år var det  ca 50 eldre som takka ja til ein Amcar-tur. Vårsola glitra med nypussa bilar og festpynta  passasjerar.  Etter ein halvtimes tur i nærområdet, blir kursen sett mot Bø og Sande grendahus.  Her er Sanitetskvinnene klare med kaffi og eit imponerande kakebord.

Som tidligere år var trekkspel musikar, Steinar Åheim hyra inn til å spele forskjellige musikalske innslag. Men underhaldning trengs ellers ikkje i slikt eit lag. Her går praten livleg om alle slags emner, også om sjåførane og bilane.  Og om nokon ønskjer seg ein  liten ekstratur  før ferda går tilbake til utgangspunktet, så lar det seg som regel avtale med sjåføren.

Herved oppfordrar/utfordrar Amcarklubben  og Sanitets-foreningane i Herøy alle andre lokale Amcar- klubbar til  å prøve noke likna nde