Eldrecruising 2015

ELDRECRUISING 13. SEPTEMBER 2015

Søndag den 13. september 2015 hadde vi vårt årlege samarbeid i Herøy med Eldrecruising. Herøy sanitetsforening og AMCAR Ytre Sunnmøre inviterer beboarar frå vår institusjoner og dei eldre på Bø og Sande.

Dette er eit samarbeidet vi set stor pris på, Amcar klubben stiller opp med biler og sjåfører, og ikkje minst hjelpende hender der det trengst.

Vi var heldige med veret, nokre regndråpar, men flott temperatur ute.

Våre eldre får køyre på biltur med flotte amerikanske biler og hyggelege sjåfører.

Dei blir henta på sjukeheimane i ytre og indre Herøy, køyrt en tur rundt i Herøy også tek dei turen til Bø og Sande grendahus der sanitetskvinnene på Bø og Sande har diska opp med gode smørbrød og flotta kaker.

Dei andre sanitetsforeningane i Herøy, Bergsøy, Trekløver, Solsikken og Leine leverer kaker og hjelper til ved sjukeheimane og under festen på grenadahuset.

Vi er også så heldige å ha Steinar Åheim med på laget og han speler til opptrykte songar og litt fritt musikk innslag, alltid like stemningsfullt.

Dette er ei koseleg ettermiddagstund som vi alle set pris på.

Dei eldre får møte andre kjenningar og får kose seg med kaffi og god mat og god prat.

Vi gler oss alt til neste år og til neste Eldrecruising.