Eldrekjøring 2016

ELDRECRUISING 11. SEPTEMBER 2016

Søndag den 11. september 2016 hadde vi vårt årlege samarbeid i Herøy med Eldrecruising. Bø og  Sande Sanitetsforening og AMCAR Ytre Sunnmøre inviterer beboarar frå vår institusjoner/sjukeheimar i Indre og Ytre Herøy.

Dette er eit samarbeidet vi set stor pris på, Amcar klubben stiller opp med biler og sjåfører, og ikkje minst hjelpende hender der det trengst.

Våre eldre får køyre på biltur med flotte amerikanske biler og hyggelege sjåfører.

Dei blir henta på sjukeheimane i ytre og indre Herøy, køyrt en tur rundt i Herøy også tek dei turen til Bø og Sande grendahus der sanitetskvinnene på Bø og Sande har diska opp med gode smørbrød og flotta kaker.

Dei andre sanitetsforeningane i Herøy, Bergsøy, Trekløver, Solsikken og Leine leverer kaker og hjelper til ved sjukeheimane og under festen på grenadahuset.

Vi er også så heldige å ha Paul Sandanger med på laget og han speler til opptrykte songar og litt fritt musikk innslag, alltid like stemningsfullt.

Dette er ei koseleg ettermiddagstund som vi alle set pris på.

Dei eldre får møte andre kjenningar og får kose seg med kaffi og god mat og god prat.

Totalt deltok vi med 22 amerikanske biler med sjåfører, 55 gjester fra sjukeheimane, og ca 20 stk fra Saniteten som stod for mat og lokale.

Vi gler oss alt til neste år og til neste Eldrecruising.